Bladet Sunnhordland

Natural Born Journalist

Då Avisa Sunnhordland søkte fleire journalistar til sin dyktige og dedikerte redaksjon, ba dei oss om å lage ein kampanje for dei. Dei ville gjerne skilje seg ut frå andre lokalaviser, og vise at arbeidsplassen er uformell, men seriøs.

Brief

Viktig jobb, gøy arbeidsplass

Sunnhordland er ein svært aktiv region. Her ligg Noregs største verft mellom innovative industribedrifter, samferdsle- og distrikspolitikk er alltid på agendaen, og høgskulen på Vestlandet er i ferd med å bli universitet. Journalistane i Sunnhordland bør derfor vera interessert i litt av kvart, og ha stort engasjement for å lære, lytte og formidle. Rekrutteringskampanjen måtte få fram dette, og rette seg mot riktig målgruppe.

Film

Natural Born Journalist

Alle veit at nokre er meir nysgjerrige enn andre. Det vart naturleg for oss å snakke til desse, og til dei som kjenner seg hakket meir interesserte i og opplyste om nisjetema enn andre.

Filmane spelte me inn på Stord, saman med Vestbris, med lokale skodespelarar.

Natural Born Journalist vann gull i kategorien Film og Onlinefilm i Sterk Reklame, og best av alt: Sunnhordland fekk tak i journalistane sine.

Tjenester

  • Idé- og konseptutvikling
  • Film
  • Kampanjer
  • Sosiale medier
  • Employer branding og rekruttering

Team

  • Anne Lillebø GjerstadArt Director
  • Jon Oscar HandelandAD / Tekstforfatter

Samarbeid

  • VestbrisFilmproduksjon

Bransje

  • Kultur og opplevelser