Industrien over heile landet skrik etter lærlingar, og Sunnhordland er ikkje noko unntak. Altfor få unge vel yrkesfag, og det kan det vera mange grunnar til. Blant dei: velmeinte, men utdaterte, råd frå foreldre, eit ufortent stempel om at yrkesfag er for skuletaparar og diverse andre seigliva myter. 

Ytre Sunnhordland Opplæringskontor (YSO) ønska vår hjelp til å rette på dette. Me trong hjelp frå nokon som ungdom gidd å høyre på, og fekk Martha Leivestad med oss på laget. Saman med Spindelfilm laga me 8 filmar der me fekk fortalt om fordelane ved å velge yrkesfag og knust nokre myter (og møblar) på vegen.

Se alle filmene under 🤣