Slik var vårt første år på Stord

Tada har no hatt Stord-kontor i litt over eitt år. Gjennom denne perioden har me blitt kjende med mange interessante, lokale føretak, og verkeleg fått augo opp for mykje av det spennande som skjer i næringslivet og mellom menneske i denne flotte regionen.
I debutåret vårt med øyavdeling har me hatt gleda av å ha arbeidd saman med fleire ambisiøse og framoverlente føretak:
Brilleriet har nyleg flytta inn i splitter nye lokale i Stord Helsepark. Her bidrog me mellom anna med flyttinga i form av ein SoMe-kampanje:






Fleire nye nettsider
Stord Hotell har ikkje berre pussa opp lokala sine dei siste åra. Dei har òg modernisert den visuelle identiteten og fått nye nettsider, signert Tada.


Blant dei fleire nettsidene me har laga for Stord-bedrifter det siste året, finn me blant anna matgledespesialistane i Opero Catering:




Brusetikettar og logo laga av forsøpling
Me har òg blitt godt kjende med Stord sitt eige «Silicon Valley» på Heiane. Her jobbar me med katapultsenteret Sustainable Energy og næringsklynga NCE Maritime CleanTech. For sistnemnde laga me i vår blant anna ei koronavenleg og festleg markering då selskapet feira 10-årsjubileum. Den kan du besøka og oppleva att her.


Salt Ship Design var ein av dei første me møtte på Stord. Dette er eit selskap som siktar høgt og har mykje spennande på gang den kommande tida. Me fekk gleda av å friska opp identiteten med nye fargar, typografi og justert logo.

Vaagavatn er eitt av våre ferskaste samarbeid på Stord. Vaagavatn er eit lite mikrobruseri som snart lanserer sin første brussmak. For dei har me utvikla mini-identitet og designa brusetikettar – eit veldig spennande og gøyalt prosjekt å få bidra i, og som me ønsker ei sprudlande framtid med boblande suksess.

Noko av det som har gjort jobbkvardagane våre på Stord så interessante er variasjonen som ligg i det å få jobba med så mange små, store og ulike typar kundar. Dei gastronomiske herlegdomane i den flotte kantina her på Kunnskapshuset, samt eit godt og variert miljø, har òg bidrege til at me har fått smaka mange gode rettar og kome godt til rette på denne flotte, levande øya.

Med mange givande prosjekt på to do-listene sine har Anne og Ingrid ein travel haust og vinter i vente, der dei òg ser fram til å bli kjend med endå fleire.
Har verksemda di eit gryande kommunikasjonsbehov? Send mail til Ingrid eller Anne, og du vil sjå at det ligg ein fin kaffidrøs og uante moglegheiter andre enden.
