Tada søker konsulent/prosjektleiar til Stordkontoret

Me ser etter ein ambisiøs og initiativrik prosjektleiar som òg vil fungera som konsulent. Du vil vera bindeleddet mellom kunde og teamet av kreatørar, digitale marknadsførarar og utviklarar, som du vil jobba tett med. Du vil få ansvaret for at jobbane vert gjennomført som avtalt, og vil vera delaktig i prosjektet frå idé til levering. Å legge kampanjeplanar og følgje opp bestillingar hos annonsørar og leverandørar er òg ein stor del av jobben.

Me søker deg som

  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er ein god relasjonsbyggar og god på kundeservice og oppfølging
  • trivst i kundemøte og er komfortabel med å presentera for både små og store forsamlingar
  • er initiativrik, positiv og god til å involvera dei andre i teamet 

Det er ein bonus om du òg har

  • erfaring med prosjektleiing frå byrå eller relevante bransjar 
  • erfaring med salsarbeid og tilbodskriving
  • erfaring med digital marknadsføring i Facebook, Google og Mailchimp 
  • erfaring med nettsider i Wordpress 
  • erfaring med bruk av CRM-løysingar, til dømes Hubspot
  • erfaring med kreativt arbeid og kjennskap til reklame/mediebransjen 

Utdanning og erfaring 

  • Høgare utdanning innan administrative fag, økonomi, marknadsføring eller anna relevant utdanning. 
  • Arbeidserfaring frå prosjektleiing, sal, marknadsføring eller anna relevant arbeidserfaring. 

Kvifor jobba i Tada?

Fordi du vil bryna deg på faglege utfordringar i eit av Vestlandets mest spennande og kreative kommunikasjonsmiljø. Du vil bli med på nyskapande satsingar med ambisiøse kundar, og bli ein del av eit byrå fullt av dyktige og engasjerte med­arbeidarar som brenn for resultat og verdiskaping. Du ønskjer konkurransedyktige lønsvilkår og velferdsordningar, men kanskje viktigast av alt; du vil ha eit heilt kobbel av særdeles hyggelege kollegaer.

Send søknad 

Vis interesse for stillinga som prosjektleiar ved å senda din CV og søknad til jobb@tada.no snarast. Merk søknaden med: Namn - Prosjektleiar. 

Alle søknader vert behandla strengt konfidensielt og fortløpande.

Oppstart: Etter nærmare avtale.

For meir informasjon om den ledige stillinga som prosjektleiar, ta kontakt med byråleiar Kjetil H. Johansen på telefon +47 932 28 265, eller prosjekt­leiar Gunhild Andersson på telefon +47 959 65 835.