Håp i hengande snøre 🤞

Er det håp i hengande snøre? 🤞 Korleis kan eit kreativt byrå tilby håp for bedrifter i usikre tider? Ved å gjere det me gjer aller best: å skapa robuste merkevarer som tåler ein støyt.

Ei sterk merkevare tiltrekk seg fleire kundar, får fleire sal per kunde, og kan ta høgare prisar for varene og tenestene sine. Men den opplev også mindre fråfall av kundar. Ei bedrift som investerer i merkevara si står altså stødigare gjennom generelle nedgongstider.

Nokre av våre lokale kundar

    Screenshot

    Kreativ effektivitet

    Kreativ, oppsiktsvekkande og konsekvent kommunikasjon over tid gjer at merkevara di blir lagt merke til, hugsa og valgt oftare. Du treng ikkje reklamera på Super Bowl, heller. Du må berre snakka til alle dei som på sikt kan komma til å ha behov for det du tilbyr. Når behovet plutseleg oppstår, er det greit om dei allereie har høyrt om deg.

    Tryggare

    I TADA jobber me i norskutvikla Sanity når me lagar nettsider til deg, og lagrar informasjonen i norske skytenester. Det gjer me både fordi det er tryggare, og fordi det er kort veg for å ta kontakt med dei som faktisk styrer desse systema.

    Kunstig intelligens

    Dette er med mest for å gjera søkemotoren tilfreds, men sidan me først er her kan me seie litt om korleis TADA nyttar KI.

    KI er som skapt for koding, og utviklarane våre nyttar det dagleg. Mykje av kvardagen deira går no til å sjå over arbeid gjort av KI; dei er blitt arbeidsleiarar heile gjengen. Og så kan utviklarande konsentrera seg om smoothe detaljar i staden for gjentakande standardkoding.

    Research på konkurransesituasjon, marknad og den slags går mykje fortare, sjølv om ein del informasjon framleis må dobbeltsjekkast.

    På den andre sida produserer ikkje KI kreativt i TADA. Nokre kreatørar sparrar med KI, nokre gjer det ikkje. Me må kunne stå inne for resultatet me leverer til kunde, og enno er ikkje KI kome heilt der.

    Uansett. Om du no tenkjer «me óg skulle gjerne hatt ei robust merkevare som tålar ein støyt», kan du ta kontakt med anten Anne eller Else:

    Ansatte