
Hei Stord! 👋🏼
Me er eit reklamebyrå med hovudadresse i Haugesund og ei avdeling i Kunnskapshuset på Stord. Denne avdelinga har no fire tilsette. Med resten av Tada i ryggen byr me på alle formar for reklame- og kommunikasjonstenester til ambisiøse verksemder i alle formar og storleikar.
Bokmål

Kva er Tada?
Tada er eit kreativt fullservice reklamebyrå beståande av 26 dedikerte designarar, AD’ar, rådgjevarar, webutviklarar, tekstforfattarar, illustratørar og prosjektleiarar, med hovudsete i Haugesund og kundar over heile Noreg. For desse kundane skapar me effektiv kommunikasjon og grunnar til å feira. Me jobbar aller best med ambisiøse mål og eit smil om munnen, med beina godt planta på jorda og med målet høgt der oppe.
Me er eit ganske stort, lite reklamebyrå, og me er i eigne augo utfordrarane frå vest. Resultat og vekst for våre kundar er motivasjonen vår. Og den motivasjonen er krutsterk.

Nysgjerrig på oss? Kik på kva me tilbyr dei fine kundane våre
Stordabuar med "heimekontor"
På Stord-kontoret vårt vil du møta ein kvartett av dyktige og dedikerte folk. Stordabuane Ingrid Rommetveit og Anne Lillebø Gjerstad er begge fødd og oppvaksen på øya, og har vore veninner sidan dei møttest på barneskulen. Sidan utdanna dei seg saman på Westerdals i Oslo, der Ingrid dreiv design- og kommunikasjonsbyrået Paraply før ho endeleg vendte heim att. Anne har på si side arbeidd i Tada sidan Ålesund brann.
UI-designer Calle Gundersen kjem langvegsfrå, heilt frå Sverige. I broderlandet arbeidde han i reklamebyrået Hjärtat i Åre samt som inhouse-designer i fleire større svenske verksemder.
Saman utgjer dette trekløveret Stord-kontoret, og med resten av Tada i ryggen tilbyr dei alle formar for reklame og kommunikasjon til ambisiøse verksemder i den spennande regionen vår.
«Men, hei der! Det er jo ein fjerdeperson på det biletet!» Det stemmer, for om ikkje lenge får Anne, Calle og Ingrid ny avdelingskontorkollega 👩 – ein drivande dyktig prosjektleiar som me gler oss til å avduka i nær framtid.
Klar for ein prat med oss?
Treng verksemda di ny visuell profil eller nye seljande nettsider? Har du ein idé som berre må realiserast? Bør de få på plass ein kampanje slik at salet av produktet dykkar skyt fart på seinsommaren?
Stikk innom Anne, Ingrid, Mari og Calle på Kunnskapshuset. Send oss ein mail. Ring. Besøk tada.no eller våre Facebook-sider. Kontakt oss på Instagram, eller skyt oss ein melding i skjemaet under.


